Utanfor teltet hørte han fresinga frå grantreets rotklump. Det var eit
lydmønster han så smått hadde vent seg til; denne låge, ujamne fresinga
som no og då nådde ein topp av knurring eller piping, ei slags klaging.
Det kunne minna om pipinga frå ein vedkubbe på eit godt tent bål, men
der ei bålglo kan trua med å smella seg laus frå vedkubben, låg det her
ein truande eksplosjon i lyden som inkluderte heile grantreet, ikkje berre
den vridde rotklumpen som stakk opp frå bakken. Dette var treet sitt sår.
Rotklumpsåret virka som ein ventil for den sjuke grana.
Ola hadde observert feltet i Widtskogen frå sein ettermiddag. Det hadde
tatt tre timar å køyra hit, og dagslyset forsvann så og seia samtidig som
han rigga seg til. Sovna klarte han ikkje, sjølv om klokka snart var halv
to. Kokt tre, tenkte han. Kunne rotklumpen og den abnorme bogegangen
der ute vera teikn på at trefibermassane syda i sin eigen lokale, kjemiske
prosess som ville bli til cellulose før natta var omme? Akkurat det hadde
han aldri høyrt om før, men spørsmål som dette måtte bli stilt når dei kom,
for dette hadde han aldri sett før. Fleire frå Skog og landskap må koma hit
og sjå treet, tenkte Ola. Samtidig kjente han at han ville vera aleine med
observasjonen av det sjuke grantreet.
Om ikkje anna, så uttrykte lyden og dampen frå såret i rotklumpen smerta
grantreet bar i seg. Han låg og lukka auga. Hardt. Ingen svar i løpet av
kvelden, og no var det gått så lang tid at han skubba fleire og fleire av
tankane over i ulike bilete. I eitt av desse skaut grantreet opp frå bakken
i ein rein eksplosjon av kvistkaos. Kylande spidd av greiner, fliser og
konglekuler i heftige dryss utover nabokronene. Eit bilete, ei løysing!
Hardt, og han blei bevisst korleis han kneip auga igjen samtidig som han
var lys vaken. Han opna dei, opna glidelåsen på soveposen og lét den
kjølige lufta sleppa inn. Stillongsen var enno på, men han fraus ikkje.
Det hadde han ikkje gjort heile kvelden. Det sto ein tydeleg varme ut frå
treet og rotklumpen. Eit nytt fres lydde, ja eit djupt knurr var det, ein lyd
som sat djupt og var innkapsla, som frå tarmane på eit menneske. Dette
var mektig, tenkte han, dette var noko nytt. Heilt vant med lydane frå
rotklumpen hadde han altså ikkje blitt. Men redd var han ikkje sjølv etter
alle endringane som kom med kveldsmørke; lydane som forsvann, lydane
som kom inn, bileta som voks.
Han opna teltduken. Skogen og trestammene inn mot Widttjern var
svakt opplyste av snødekket, men månen fekk han ikkje auge på. Han
knytte støvlane og trekte på seg villmarksgenseren. Skogforsk-emblemet
var plassert så nærme hjarta som mogleg. Den nye villmarksgenseren,
bestilt etter fusjonen mellom Skogforsk og Norsk institutt for jord- og
skogkartlegging, no med namnet Norsk institutt for skog og landskap, var
ein heilt lik genser som den gamle, men her var det nye emblemet trykt
på ryggen, noko som instituttleiinga meinte var ein rein produksjonsfeil,
og sidan krangelen med produsenten ikkje var over, låg genseren framleis
ubrukt heime i pakkeplasten sin. Ola tok på seg lua sjølv om det var
mildt nok utan. Joda, treet sto på same plass som sist. Igjen lurte han
på om lengderota vekk frå rotklumpen hadde vekse i breidda berre
sidan han kom. Han tvilte på at det var mogleg. Men kvifor tenkte han
på moglegheita? Rotklumpen med såropninga var danna i den vridde
bogegangen, ein sjuk skru som steig opp halvannan meter over torva;
oppe for å trekka pusten eller oppe for å sleppa ut gift. Her var rota
også på det tjukkaste før han beina ut og ned, gjekk eit stykke langs
bakken, deretter under jorda igjen. Om rotklumpen sto opp i friluft lenge
før varmeutviklinga starta, var umogleg å seia. Ein ekstrem variant av
snøskyttesopp var ein teori, eller filtsopp, men noko mørkt mycel spant
ikkje inn granbaret så langt han kunne sjå. Men han skulle gjerne ha kome
seg opp i treet for å sjå om det var forskjell på baret. Også rotmorkel
hadde han notert i feltboka som mogleg forklaring. Der treng sporsekkane
37 grader for å spira. Rundt rotklumpen var temperaturen mykje høgare,
eit kokt miljø heller enn spirande.
Steinen han brukte til toalett låg som ein enkel markør i terrenget. Det var
her ved steinen skiljet gjekk frå barmark til snø. Varmen frå grantreet førte
til lokal snøsmelting. Han utvida sonen med gult piss. Kvifor hadde han
ikkje sett opp markørar her for å sjå om snøsmeltinga hadde akselerert
i ytterkantane? Og kvifor var han ikkje trøtt? Han knekte av ei grein frå
ei bjørk, sette som påle ved snøgrensa. Oppover lyngtuene låg det tjukt
med snø, også der tuene trefte nye grantre. Ved lengderota låg snøen i
brøytekantar på kvar side av det oppvarma rotsporet, og Ola meinte at
vegetasjonen så smått hadde vakna til liv i sjølve sporet, men sikker var
han ikkje. Med dagslyset ville han kanskje bli det. Og då ville han også ta
fleire foto.
Han gjekk bort til tripoden og slo på arbeidslampen som var retta høgt
innover skogen i retning Widttjern. Kva hadde han speida etter der? Ola
følte seg kvikk, nyvaken. Han vrei lampen ned og mot granstamma. Han
visste at stamma var varm, men gjekk bort og la handa mot barken. Kor
lang tid ville det gå før han slo seg til ro med at sånn var det, sånn sto
denne grana her framfor han og var varm og sjuk og heilt utan dei svara
han trengte? Trefibermassane frå sårprøven han hadde skore opp, såg
kvitsaftige og normale ut. Men konsistensen var mjukare. Kvaesamlaren
hadde alt tatt til seg noko utflod. Vanlegvis ville det ikkje ha gått så fort.
Ola tok opp steiketermometeret frå lomma og kjørte det inn i stamma.
I mellomtida tende han opp bålet igjen, mest grunna lyset og selskapet.
Jakka hadde han ikkje gått med sidan han kom. Han fyrte opp med
tyrived og avis, hadde framleis nokre gode kubbar liggande i forteltet.
Bålet brøla opp, snakka same språk som rota. Susinga frå litt for rå ved,
over i suset frå rotklumpen. Det skulle lite til for å få felt grana, studert
fenolinnhaldet i årringane, men det var ikkje det han ville, det var ikkje
konstruktivt å tenka slik; obduksjon, diagnose, eventuelle miljøtiltak, ferdig
arbeid. Om treet kunne bli friskt her det sto, var det det beste. Eller om
treet kunne fortelja han noko nytt, om ein time, om fem timar, om eit døgn.
Han sjekka steiketermometeret. 52 grader, som sist. Det kunne stå ei
stund til. Han panorerte arbeidslampen oppover. Greinene sto i fint spenn,
snøfrie så langt han kunne sjå, altså strålte varmen oppover, utover. Heile
treet var i takt med fyrbøtinga frå treet sin kjellar, rotklumpen. Men sjukt?
Han måtte venta på lyset før han fekk sjå toppen, men det såg ikkje
unormalt oppover, og kongleklasane, hengte tungt. Han speida oppover
greinene etter ein bra klatrebane. Det ville ikkje gå. Han måtte rekvirera ein
stige skulle han få prøver frå toppen. Sjølv om han fann bakkekonglar var
det dei der oppe som kunne gje svar. Han vrei lyset ned, hørte eit djupt
knak frå skogen. Ingenting, berre eit islagt vatn som snakka. Han kikka
etter konglar ved stamma. Ingen. Han gjekk heilt inn til stamma, hukte seg
ned under greinene; og det var som å koma inn, granhytta sto her utan
at nokon hadde bygd han opp. Det var mjukare her, ein annan lyd under
greintaket, varmare, her kunne han sitta, ja, dette var ei hytte. Han såg ut:
det putra friskt der borte frå rotklumpen. Det mangla ro, han hukte seg
opp og ut frå granhytta. Og ingen bakkekonglar å sjå. Pussig. Han måtte
ha med seg ein kongleprøve. Grana tviheldt på alle konglane sine sjølv no
når ho var sjuk. Ei glad, feberheit gran heller enn ei sjuk gran.
Han dreidde arbeidslampen mot rotklumpen, gjekk ned dit. Lukta det
søtt? Lukta det ikkje nett som mynte? Ola sin høgrefot sklei på sleip
jord så det støkk til i låret hans. Det trøtte kjem over meg no, tenkte
han. Han sto, venta litt, pulsen hamra i beinet; han var heime i trappene
der han voks opp, i full fart, opp eller ned utan å snubla, med ein kropp
gjennomtrekt av huset, med føter som hadde nøyaktige mål av høgda på
trinna og armen med handa i lufta i nøyaktig høgde med gelenderet om
han måtte gripa det. Det lukta verkeleg søtt. Og det minna om mynte. Han
trudde dunsten blei sleppt ut med dampen, at det kom frå kvaestraumen.
Då var det ei endring å snakka om, for lukta var han sikker på ikkje var her
tidlegare på kvelden.
Natta var no like lang i begge endar; det som hadde vore, kvelden og den
vesle kvilen i teltet, låg bak i tid, og det som skulle koma, morgonkvisten
med frukosten, låg framfor. Ola blei glad av å tenka på lyset, på maten.
Han kunne eta no, men han ville venta. Ei nydeleg, søt lukt. Handa hans
kvilte på rota der skruen gjekk over i smalare tre. God og varm. Han
kjente at trefibermassane var porøse. Sjølve såret var for varmt å ta på.
Steiketermometeret viste 91 grader sist han målte direkte i det. Han ville
ta tempen på nytt snart. Det kom større varme frå rotklumpen enn frå
bålet ved teltet. Eit godt bål, tenkte han, slik må det også vera resten av
natta. Han kikka bort på stamma. I morgon ville kanskje folk koma hit,
i alle fall ei lokalavis. Kva skulle han seia til dei? Rett og slett ein amok
tilstand som resulterer i varmeutvikling? Det kunne han seia. Så kunne
han avvisa at lokkrustsoppen herja med konglane så dei skumma av
sjukdom. Her var det snakk om ein heilt ny treskade. Ein overproduksjon.
Eller ein feilutvikling i forholdet mellom gametofytt og sporofytt, at den
samlande zygoten var blitt skeiv og sprang løpsk på ny og på ny og på ny.
Bort til treet igjen. Stilla arbeidslampen oppover. Ola løfta blikk og hovud,
alt la si tyngd på skuldrene. Aleine med jobben, her, i denne natta! Slik
treet kokte og heldt vinterfest! Grantreet reiste og reiste seg der oppe,
ingen stjerne i toppen. Han såg ikkje, berre ante grantoppen når det gjekk
vind gjennom. Om det var så gale at treet hadde vakse i breidda, fekk han
finna ut av når det lysna, når han igjen såg bergfallet han kunne sikta mot i
glenna på andre sida av Widttjern.
På ny vrei han lampen ned mot rotklumpen. Han måtte ned igjen der.
Liksom meir å finna ut av der. Energifeltet gjorde han gjennomvarm. Det
hissa opp i rotsåret, teikna ikkje til å gje seg. Bort og ta på rota igjen,
tenkte Ola og steig inn i lysfeltet: Sjuke sår av røyk og elde, kva skal binda
opp vår kvelde. Stemma kom frå grantreet. Akkurat her skulle det altså
vera, i hans felt, i hans nattskog, det sjukaste tre, dette som ikkje kan
kallast normalt lenger. Og grantreet med sitt språk av luft og damp, sine
sukk og syd av lyd. Kva steig av tankar og syn i natta, kva blei igjen på
bakken, kva forsvann opp i lufta for alltid? Ola lukka auga, heldt seg
fast i den tempererte rota.
– Når lyset kjem, sa han og løfta handa. Han såg noko. O’ nattas mjuke
venger, kor drar ho hen, denne natt då eg ikkje lenger tilhøyrer meg
sjølv? Ord og bilete tok fart, den mørke rota var lys i krafta si, det steig
strålepilar opp armen og Ola klemte tilbake, han klemte til og merka
ikkje bakken, nei, han merka berre lufta, og lufta var i alt han greip med
høgrehanda, greip om konglen så det prikka friskt, han såg konglen,
ein kongle som steig og sokk om kvarandre, gjekk rundt sin eigen
akse, hengte og hengte og venta på Ola som greip og greip og kjente
det stråla opp armen frå rota, stråla vidare opp til grepet om konglen,
og ja! ein varme som la seg om han, heilt roleg, og Ola var ikkje redd
for pulsen; dette kvikke i kontakten, natta kom med den einaste
overgangen å snakka om, kom med eit rasp av vind over augelokka
som ikkje var vind likevel, og mørke omslynga det varmaste punktet i
skogen, han trengte ikkje å sjå, for buskane voks av seg sjølve, han ville
ikkje sjå, men konglen heldt han fast til rota, heile han blei eit statisk
klem frå bakken og gjennom dei to grepa som tvinga og heldt på dette
kvikke i kontakten, fortare no! og det gjekk som eit siste ras gjennom
skogen, ein tiurlaus skog der ordet steig opp i song, songen som bar
det einaste ordet: kongle, ordet som Ola no sa: kongle, roleg sa han
det, roleg pusta han frøform på frøform framfor seg inn i det varme
mørke som han greip med handa i lufta og konglen var fanga, her var
konglen, ja, konglen, han kjente på konglen, ja, hans kongle, fanga i
handa for alltid, og konglen hengte i lufta og var ny hos Ola som tviheldt
på rota og førte seg sjølv, konglen og rota tilbake til treet medan han sa
Takk.
Ola opna auga og pusta, stemma forvitra og han lirka seg laus frå
rotgrepet medan høgrehanda sto stiv opp i lufta, samanknytt om
konglen som ikkje var der. Han senka handa, løyste knyttnevegrepet.
Kor mektig var ikkje denne stunda, kor kraftfull var ikkje skogen og
nattsongen!
– Eg... sa Ola. Meir sa han ikkje, men gjekk opp til bålet og sette seg på
jaktstolen. Han kjente seg ør, men også opphissa. Eit konglesyn! tenkte
han. Han starta å gni armen, massera muskulaturen som stramma
etter kraftprøven ved rota. Det blødde lett frå eit risp ved det innarste
leddet på veslefingeren, handa skalv og underarmen var stiv og blokkert.
Eit konglesyn, tenkte han igjen. I høgre handflate var det små søkk etter
neglene som hadde gripe rundt den imaginære grankonglen i lufta. Han
hadde hatt eit konglesyn. Det var heilt klart. Eit ekte konglesyn! Eg er ein
liten mann i denne skogen, tenkte Ola og tok av seg genseren.
Ola fann fram den reine undertrøya frå sekken og skifta ut den sveitte.
Villmarksgenseren hengte han over rota, og i skinet frå arbeidslampen
såg han korleis det steig damp også frå den. Han såg så klart det han
ikkje såg. Alt tok han inn. Han tenkte på småbuskane heime, dei han
berre såg toppen av frå stolen ved kjøkkenbordet. Sjølv om han ikkje
kunne sjå fuglane som åt frå talgbollane, såg han likevel at dei gjorde
det; busktoppane rista fram etebevegelsar i tyngda frå talgbollane der
småfuglane festa seg med klørgrep. Hakk! riv laus! et! svelg! Dei var her
framfor han. Ola drakk vatn, tok av lua, men tok han på igjen. Der oppe
fekk han berre vera sveitt. Dette var heftig, tenkte han. Ikkje sidan Hans
Rollands sterke konglesyn-serie på sekstitalet, hadde det vore snakk
om at andre hadde hatt skikkelege konglesyn. Han hadde lese alt av
Hans Rolland og det var Rolland sjølv som hadde avslørt ei rekke skinnkonglesyn
hos kollegaer, reine forfalskingar anten synet kom i eit område
der det rett og slett ikkje var tre som bar konglar, eller at konglesynet kom
under meditasjon eller påverknad frå medisinar. Men her! No i natt! Ola
strekte armen bakover, greip med den andre og strekte meir. Dette visste
han ikkje korleis skulle formulerast i rapporten, eller om det skulle skrivast
ned i det heile. Mat, tenkte han. Kan ikkje venta til frukost likevel. Eller jo,
kunne kalla det frukost no når klokka snart var halv seks. Svolten steig inn
i den tomme magen med sitt hole, krafsande hallo.
Må få tak i ein stige, tenkte han. Kaffivatnet kokte og han blanda i. Han
hadde opna ein boks mais. La salami på knekkebrødet. Åt. Han ante ei
lysning, som om bakkesnøen ikkje hadde like stor, skinande kraft opp mot
greinene. Trea som sto nærmast den sjuke grana, såg framleis upåverka
ut. Ei gran var riktig nok greinlaus til midten av stamma, utan teikn på
at elgen hadde vore der. Men snøen låg tjukk på det; barnålene var eit
flettverk som tok i mot snøfnugga som danna nytt flettverk, eit samarbeid
mellom det varme og det kalde, snøen var små Michelinmenn som klatra
i treet.
Kaffien smakte, og fekk fart på tankar og teori som blei kasta gjennom
fleire bilete. Ein hund gøydde på andre sida av Widttjern. Ein stige. Ola
såg på klokka. Kvart på sju. Om ein time kunne han vel finna folk, låna ein
stige.
Ola gjekk ut i frå at det var den same hunden han hadde hørt gøy på
morgonkvisten, som helste han velkommen på gardstunet. Det var som
det skulle vera, hunden var ein sint varslar i band. Ola var prega av den
varme våkenatta, han merka det allereie på kjerrevegen ut av Widtskogen,
og hunden fekk vel utslag på ein del uvanlege luktregister. Hundebandet
var kopla på ein vaier, spent opp mellom garasjen, fjøset og hovudhuset.
Han sprang i ytterkanten av vaierbanen, ei styrt og nedrig løype for ein
hund, som haren i eit greyhoundløp. Hunden stoppa brått og ufrivillig eit
par meter frå Ola og dørklokka. Det song i vaieren. Ola trengte ikkje å
ringa på. Ei dame med svære, litt redde auge, opna. Ola presenterte seg,
sa han jobba ute i Widtskogen for Institutt for skog og landskap. Han sa
ikkje med kva. Men han trengte å låna ein stige. Dama sitt blikk forandra
seg ikkje, men stemma var mild og roleg.
– Sven er snart heime igjen, sa ho. Nøkkelorda jobb, skog og stige var
enkelt programmert rett til mannen hennar.
– Skal snakka med han då, sa Ola. Ho nikka. Måtte mannen samtykka om
stigelånet? Sto det verkeleg så dårleg til her? Kanskje det låg ei forklaring
bak det skremte blikket likevel? Dei trengte ikkje venta. Sven kom nede i
vegen, med taktfaste dakk-dakk.
– Trist å sjå han slik, han som var så frisk, sa kona hans og peikte.
Bonden, Sven, kom gåande med stavar.
– Far min jobba på garden her til han blei 78 år, knapt sjuk før den tid,
sa ho.
– No lever vi kanskje lenger, men er mykje sjukare på vegen, heldt ho
fram. Ola blei overraska, ikkje av det ho sa, men at ho sa det. Noko som
måtte ut, her og no, til ein framand. Og han kjente han blei irritert, dette
hadde han ingenting med å få vita; det var han som trong hjelp. Sven kom
bort til dei, helste. Han pusta tungt.
– Ja, du jobbar med det treet då? spurte han. Hadde han sett meg i går?
– Ja. Eg kom for å låna ein stige, sa Ola.
– Det var ein slektning av meg som meldte inn treet. Han gjekk tur forbi
der i går. Etter det han sa, kan det vera ekstrem soppsjuke, sa Sven. Kona
hans hadde alt forsvunne inn, det var ikkje meir for ho å gjera her.
– Har du kjennskap til tresjukdommar? spurte Ola. Sven pusta tungt enno,
tynn og innholen, hadde sikkert vore sjuk, eller så var han det framleis.
– Det er då berre til å fella det, sjå om siste årringen er fenol-mørk, sa
Sven. Ja, han hadde då litt peil, tenkte Ola.
– Ei vulkanrot, blei eg fortalt. Ja, eg må ned dit sjølv og sjå. Kan tyda
på nitrogenoverskot også, sa Sven og sette stavane i startposisjon.
Han snudde seg og såg på hunden som rota borte ved fjøset, også der i
ytterkanten med lenka i strekk opp til vaieren. Dei gjekk mot garasjen og
Ola tok det for gitt at dei gjekk for å finna stigen.
– Har du sett eller hørt om noko liknande her i skogen før? spurte Ola.
– Nei. Ikkje du heller? Ola rista på hovudet. Sven henta fram ein
fjernkontroll frå jakkelomma og strekte fram mot garasjeporten som
begynte å skrangla seg veg oppover. Ein kvit jeep sto rett utanfor garasjen.
Det var kanskje like greitt, for der inne var det trongt om plassen. Ola la
merke til to pengespelmaskiner som sto innarst. Dei var kopla til straum, for
det blinka og loopa der borte. Sven gjekk bort til ein frys, klappa lokket og
snudde seg mot Ola.
– Fisk? Vil du ha?
– Fisk? Har du så mykje? sa Ola.
– Var på fjorden i går, svarte Sven. – Men røyene eg fekk på Widttjern sist
helg, får du ikkje, sa han og lo. Latteren gjekk over i ein stygg hoste. Han
måtte vera sjuk, tenkte Ola. Han følte at han måtte ta i mot fisken for å
koma seg vidare til stigen, hans billett til stigen låg i fiskepakken. Filetar av
torsk. Sven tok opp to pakkar, la dei rett på sementgolvet.
– Denne må du sjå, sa han og løfta opp ein plastpose som knitra skarpt av
frost. Han opna og løfta ut ein heil fisk. Ola såg ikkje kva slag det var med
ein gong, men han såg fort at det var noko gale med fisken, noko med
munnen, skamfert under fiske, tenkte Ola først, men så skjøna han at det
ikkje var det heller.
– Er det ein torsk? spurte Ola.
– Ja, det er då det, svarte Sven. – Men sjå nærmare på skinnet, sjå kor
grønleg det er. Og her. Sven peika langs ryggbeinet. Ei lys stripe gjekk
frå midten av skallen nedover til halebein, eit skilje ut mot resten av
fiskekroppen og sjølve kjøtet. Det var som om fiskens rygg sto litt opp og
ut, at det ikkje var kontakt gjennom den lyse stripa.
– Du treng ikkje vera interessert i fisk for å sjå at her, her er det noko
spinnvilt, sa Sven.
– Og sjå munnen. Torsk med hareskår! Eg trur neppe det er skade frå ein
annan fiskar. Ein kort melodi kom frå ein av automatane, med mekanisk
jubel og applaus som avslutting. Ola merka korleis det trøtte hadde sige inn
over han. Alle tankar måtte igjennom eit lag med ull, og på andre sida var
det ingenting sjokkerande, ingenting som var viktig nok. Sven la torsken
tilbake i posen og sa Jaja. Ein av desse ulltankane var å spørja Sven kva
han hadde tenkt å gjera med den deformerte fisken, men det glapp og
Ola sa ingenting. Sven lukka lokket på fryseboksen, hardt, og la eit trykk
oppå for å sikra seg at det var godt lukka. Ola plukka opp filetpakkane frå
golvet og kjente at det var bra å få litt blod til hovudet.
– Så, stigen! Vi får surra han på traktoren, så køyrer eg deg inn igjen, sa
Sven.
Det gjekk ei stund etter at Sven stoppa traktoren, før skogslydane igjen
fann seg til rette. Dei løyste stigen og tok han mellom seg, svinga ut der
fotspora til Ola viste veg. Det var no han hørte det. Han hørte ingenting
frå grantreet. Pesinga frå rotklumpen nådde ikkje ned til kjerrevegen som
på morgonkvisten då han gjekk derifrå. Hadde vindretninga snudd og
ført lyden med seg? Ola stega så raskt med stigen at Sven i den andre
enden måtte be han gå saktare. Lett vind i tretoppane, knirk frå snøsteg,
tungsjuk pust frå Sven, men ingen lyd frå rotklumpen.
Dei la ned stigen ved grantreet. Teltet lyste skarpt grønt i dagslyset mot
skråninga bak. Arbeidslampen sto framleis på. Eller hadde det vore nokon
her? Ingen damp frå rotklumpen, men feltet med barmark hadde blitt
større sidan frukost. Sven sto, pusta. Ola gjekk ned til rotklumpen, kjente
på skruen opp frå bakken. Mindre varm? Så kjente han på lengderota
vekk frå rotklumpen med det opne såret; ja, slett ikkje så varm som før
frukost. Det strålte enno varme frå det vulkanske såret, men det kunne
sjå ut som at trefibermassane var seigare no. Han tok fram lommekniven,
pirka borti. Joda, seigare. Prosessen hadde stilna heilt eller delvis. Men
myntelukta var her framleis.
– Skal du ikkje opp i treet? ropte Sven, han sto bøygd over knea og
pusta framleis tungt. Sjuk mann i bøy ved sjukt grantre. Ola nikka, gjekk
til forteltet og henta plastikkposar til kongleprøven. Han tok ut torskefiletpakkane
frå jakkelomma. Igjen kjente han blodet koma til hovudet; ein
ny tanke, ein frisk tanke og det friske fortalte han at han var trøtt. Desse
må eg gløyma her, tenkte han og sleppte fiskepakkane ned på bakken
mellom sekken og teltduken.
Sven hosta stygt igjen. Han ser ikkje god ut, tenkte Ola. Dei sto litt.
– Går det bra? spurte Ola. No var det Sven som nikka, men han blei
ståande då Ola opna stigen og drog ut lengda. Han løfta stigen opp og
svinga inn mot granstamma utan å venta Sven si hjelp. Og det føltes
greitt, det var heilt ok at Sven ikkje var aktiv og ville blanda seg inn. Det
einaste han trengte var Sven si kroppstyngde ved stigefestet. Stigen
strekte seg over dei tjukke midtgreinene og inn til der stamma smalna.
Han ville fint nå nokre toppkonglar der. Ola sjekka steiketermometeret
i stamma. 74 grader. Stigande, altså. Han snudde seg ein siste gong
mot rotklumpen før han sette foten på stigen. Sven hadde alt ei hand på
trinnet då Ola klatra oppover.
Han kjente med fingrane. Barnålene var tempererte. Saftiggrøne,
sterkduftande og tempererte. Han kunne ikkje sjå nokre kvistbrekk og sår
innmed stamma. Igjen hosta Sven stygt. Etter nokre steg vidare, bøygde
Ola seg innover mot stamma. Stigen duva. Ola kikka ned. Sven sto lent
sidelengs inn mot stigen. Frå fugleperspektiv såg det ut som om han
støtta stigen med skuldra. Eller at det var stigen som pressa han ned mot
bakken. Ola bøygde seg litt lenger inn, opna lommekniven og skrapa lett
mot barken. Ingen celluloseflekkar. Ingen granstokkjuke. Han skar av ei
flis, la i plastpose. Deretter skrapa han litt trefibermasse frå barkesåret
og la i ein ny. Ei ny hostebye frå bakken. Ola lente hovudet bakover, såg
rett opp i kongleklasar. Heller ingen kroneutglising å snakka om. Opp der,
henta kongleprøven, ned, så sova litt før bilturen heimover.
Varmen frå treet var tydeleg mot andletet hans, og lukka han auga no ville
han ha døsa inn ståande i stigen. Ei lett risting frå grantoppen, eit lett kvisl
frå stamma. Ei kråke letta frå nabotreet. Ola gnei seg over panna, trykte
lett på augelokka, strauk over kinna. Vakna! tenkte han. Ingen misfarge,
ingen synleg sopp, ikkje barnålstap, ingenting, ingenting. Men noko nytt
likevel, ein ny, stigande lyd.
Ein ny stigande lyd av pes og sukk, noko i treet fekk ny fart, seriar av
fres! noko regjerte i trefibermassane, noko ville fram der under barken,
og grantreet lét det henda utan at barnålene bruna inn og fall av, berre
ei lett risting som om ekornet kom springande, men det var Ola som
kom klivande dei siste stega, eit res mot kongleprøven! og med ingen
stige igjen, greip han tak i ei grein og hørte Svens veldige hosteanfall frå
bakken i takt med den første lyden frå den første toppdampen, grantreet
pusta ut og noko opna seg, små rifter i barken, Ola visste ikkje kva, men
dampen kom og med den ein lyd av utslepp og med den ein ny lyd frå det
som kokte der inne og med den ei ny hostebye frå bakken, og kva rista
mest no av grantreet og stigen? og om treet hadde hatt språk som i natt,
kva ville ha stått skrive i snøen då om ikkje Vi elskar små handbevegelser,
svaiande lys i mørke og eit tre som står godt i landskapet, aldri aldri
aldri hadde han sett moseeld, men no lysna det ein flamme over noko
mose innmed barken, visst innihelvete flerra det av moseeld! og her kom
mørke flekkar på kvar si side av grantreet og med desse flekkane kom
nye tankesett; eit ahhhh der nede frå bakken og Ola såg Sven ligga ved
stigerota, men sjølv om han tenkte eit alvor ville blikket opp, opp! og
han greip ei ny grein med små varmestikk gjennom barnålene og inn i
handflata, gode varmestikk og nye djupe sukk frå tredjupet, gode føter
på stigen, godt arbeid og fram med ny plastpose, mosen i brann og ei
ny, djup hostebye frå bakken, grantreet putra og sjokka og dei mørke
flekkane var ikkje anna enn pop frå konglar som forlét greinene som
mørke spor av skot vekk frå treet, pop-pop-pop, og Ola hørte eit Hjelp
frå bakken, men ordet slo ikkje inn her oppe slik det ville ha gjort det der
nede, for Ola sikta seg inn på ein kongle, heile treet rista no, og konglen
freste som om ekornet var sint, ja, det kom damp ut mellom dekkskjella,
og Ola strekte fram handa med den opne posen, og med gode føter på
stigen var det berre å nappa konglen av med den andre handa, sjølv om
han var glovarm, å, endeleg kongleprøven! ein hund gøydde langt borte
og Ola fekk hjelp frå grantreet som kvitta seg med konglen som skaut
seg rett ned i posen med eit pop, blei så liggande og summa seg litt før
han smelta tvers igjennom botnen av posen og fall ned mot Sven som låg
urørleg framfor stigen, noko Ola ikkje registrere fordi han følgde konglens
fall med auga medan han merka at han og stigen hadde forlate grantreet,
ut i fri luft.